Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
89
kvadi, i minsto ikkje vidare heile, eller soleis at de
syner seg greidt nok dei er norske. Berre eitt av dei
kvadi som høyrer hit hev me der endaa heilskapa aa
sjaa til. De er de namngjetne Kraakumaal eller
tagnar Lodbroks avferds-kvad i ormegarden. Namne
høver daa ikkje vel til kvade som de no er, med di at
„Kraaka“ (d. v. s. Aaslaug) berre so-vidt er nemnd der.
Sjølve maalformi syner greidt nok at dette
kvadekann ikkje upphavleg vera komi til paa Island, med di
at Al, hr (og hn) i framljod her lyder /, 7 (og 7#): ræ
for hræ (val, lik), læjandi for hlæjandi, o. s. fr. De
hev difor vori meint at de skulde vera dansk; men, som
Olrik segjer, so er de heilt utenkjande, at eit kvad
soheidi i aand og ordlag skulde vera komi til eller kunna
haldi seg i Danmark til den tid de her er tale um.
Fraa andre norske maalprøvur veit me at de var
komi til de nemnde ljod-skifte i Noreg med ved denne
tid. Dessutan er de elles og indre merke som viser
kvade til Noreg. De er soleis lett aa sjaa at Ragnars
vesterhavs-ferd hev skalden utfyllt med namn fraa
ferdine hans Magnus Berrføtt, og like eins fraa ferdi hans
Øystein Haraldsson (1153). Me kann nemne Ongulsøy
(Anglesea), Ilasund (øyi Il, Isla), Skarpaskjer (Heimskr.
s. 735), som skalden likevel hev flutt aust til
Øystresjøen, og namne paa irekongen, Marstein, som visst
skal segja d. s. s. Muirkertach eller Myrkjartan. Kvade
kann soleis, slikt som me no hev de, knapt vera eldre
enn fraa ikr. 1200. Liksom Braavalla-skalden, syner
denne og (eller hans fyrigangarar) grov vankunne i
mangt som kjem den gamle sogo ved, slikt som kvar
islendsk skald ved denne tid vilde havt god greide paa.
Soleis vilde de høyrt til barnelærdomen for ein skald
paa Island aa vita kven Frøy (Yngve-Frøy) var; men
her i kvade er han gjort til motmann aat Ragnar, og
endaatil flutt ned i Flæmingjaland (Flamland). Ei slik
kenning som „Æges (havgudens) asen“, til aa teikne
d s. s. „havhestar“ eller skip, vilde no heller ingin
skald av den rette skulen trøyst seg til aa bruke.
Noko anna som fell i augo med dette kvade er
den ting, at de er so stor skilnad paa fyrste og siste
luten, so de jamvel hev vori meint at dei kann
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>