- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
88

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

88

som hev gjevi grunntanken til kvade, er vel helst slage
ved Helgeaai, millom dei tri kongane i nordlandi, og
so eit eldre kvad um slage ved Svolder, som ein finn
leivnir av i namne-remsa i Heimskringla (s. 221) um
kjempune paa Ormen lange, og andre stadir.
Braavallaslage er eit motstykke til Svolder-slage. I Svolder-slage
tapte nordmennane eller den norske kongen, med all
sin uvyrdne djervskap; men i Braavalla-slage tek
nordmennane sin mun att — i diktingi. Der er de dei (eller
rettare teline, i lag med Starkad) som gjer utslage og
ber sigren heim for den svenske kongen mot den danske.

Her hev daa Olrik funni fram for oss „den
vantande lekkjen“, den som bind folkevise- og
eventyrdiktingi saman med Edda-diktingi i ein heil og ubrotin
framvokster. At de er i sør-bygdine i lande den gamle
diktingi hev haldi seg ved lag og blømt lengst, de hev
no og sine gode grunnar. Etter alt me veit, var de
her den gamle trui heldt seg lengst. Kongane kom
aldri noko inn i lande her, soleis som naar dei fór paa
veitslur aust i lande, nordanfjells og i fjordbygdine paa
vestlande, og jamvel dei meir greide og framkjømde
dalføri, som Gudbrandsdalen og Valdres. I desse
sørbygdine kann ein daa vita at aasa-trui lengi heldt seg
heil og sterk, kanskje so mykje sterkare ved motsetningi
til den nye trui, og endaa lenger jamsides med eller
blanda med kristindomen, soleis som de elles hev synt
seg med gamall tru og sed i desse bygdir alt ned til
vaare dagar. At daa denne diktingi, som dei dyrka
og livde paa her, ikkje hadde lett for aa koma vidare
ikring, de skal no heller ingin undrast paa. Dei karane
som hadde denne aandi i seg, dei søkte visst ikkje
gjerne til kongshirdi med de dei hadde aa føre. Skulde
de naa so langt, maatte de i minsto gaa ein umveg,
vest til Island, og so kanskje derfraa attende til
kongshirdi i Nidaros.

Desse kvadi er de no ikkje lett aa gjeva fullgode
prøvur av. Hjaa Sakse er dei alle paa latin, og de er
daa mest uraad aa setja deim i sitt gamle stand att.
Berre nokre vers, slike som de ikkje er stort anna enn
namn i, hev dei kunna setja nokolunde ilag att. Heller
ikkje paa Island er de stort aa finne uppteikna av desse

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free