Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
17.
Hardt me hogg med sverdom!
Hund-mange saag eg falle
mennar i morgon-stundi
ved Meid i odde-stime.
Son min stungin med snarpe
slir-torn vart til hjarta;
Egil skilde Agnar,
urædd svein, ved live.
Geirar glumde ved Hamdes
graa-serk; bjart blika merki,
18.
Hardt me hogg med sverdom!
Holle Endils frendar
saag eg med sverdom skjera
ikkje smaatt aat ulven.
De var kje paa Vikaskeide
som vin fram ber kvendi;
ròda vart Æges asen
ymse, der spjot glymde;
skori vart Skoguls kaape
i skòve, daa skjoldungar høvdest,
19.
Hardt me hogg med sverdom!
Haldin vart ein morgon
leik ved Lindesøyri
med landsstyrarar trenne.
Faa ved de kunde fegnast,
at fraa dei kom med heilom;
gravøl heldt hauk og graabein,
i gape paa ulven fór mange.
Blod fraa irar uspart
avlaup fekk i kave.
20.
Hardt me hogg med sverdom!
Haarfager saag eg vike
ved morgon sveinen aat møyi
og maal-venen aat ekkja.
De var kje som varmt laug taka,
som vinkjers-disi lagar,
for oss i Ilasunde,
fyrr Ørn konge me fellte;
var kje som unge ekkja
i andvegen kysse.
21.
Hardt me hogg med sverdom!
Həøg-reidde sverd beit skjoldar,
alt-med gull-lagde geirar
glumde mot Hildar-nævri.
Um aar og æve sidan
i Ongulsøy kann ein skoda
korleis i harde her-leik
hovdingar fram gingo.
Firrande flaug utfor øyri
flòg-drakar, tidleg vake.
22.
Hardt me hogg med sverdom!
Hermannen, skulde han møte
feigdi fyrr, der han stemner
fram i odde-drive?
Ofte han illtrygg liver
som aldri vargen nister.
Vandt er krjupen aa kveikje
til kvate sverde-leiken;
hugblaut mann og modlaus
minst kjem til gagn hans hjarta
Hund-mang e, uhorveleg mange. — Blika, glitre. — Endils
frendar, hermennar, vikingar (E. ein sjøkonge); holl, trufast,
dugande. — Skòv, rykk, tak. — Fegnast, gleda seg. —
Maalven, samtals-ven. — Ekkje, enkje; eller og d. s. s. kvende. —
Vinkjers-dis, kvende (med di de jamleg var kvende som bar
fram drykken) — Andvegen,
andvegesbenken, beint imot høg-
sætes-benken. — Reide, svinge. — Firrande: fjukande fort. —
Kvat, kvik, modig, fcrm, rask.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>