- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
99

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99

de gjerne soleis fram som at jarlen vil herstrid berre
for aa fremja og styrkje freden, „stagge stridshug“,
„gagne lande“, og sovori. For dette og for Haakons
ihuge for den gamle gudsdyrkingi ser han daa ei løn
i dei gode aaringar og den sæla som folke i lande naut
no i hans tid. I skaldeverd elles og høyrer hans kvad
til dei beste me hev fraa desse tidir.

Ei onnor draape han hev dikta um Haakon jarl,
fyri Vellekla, er de att berre 1 vers av. For den var
de vel han fekk den staselege skjolden som de er
nemnt um fyrr at Einar gav til Egil Skallagrimsson.
Av anna hev me berre ei 2—3 vers lausavísur etter
honom.

Av dei andre skaldane hjaa Haakon jarl er de
elles berre tvo eller tri som me no hev litegrand att
etter av deira kvad um honom. Den eine er TIND
HALLKJELSSON, ein ætting av Brage den gamle, og
farbror til Gunnlaug Ormstunge, som fyrr nemnt. De
me hev av hans kvad handlar mest um
jomsvikingeslage, som han var med i, og eit par av versi hev me
i Heimskr. s. 172—76. Dei andre 9 versi er for de
meste so ille medfarne, so de er vandt aa finne rett
greide i deim. Men de ein kann faa ut av deim fær
god ros for aa vera kjernerikt og friskt, og attaat
klaart og livfullt i teikningi.

Den andre er TORLEIV RAUDFELDARSON. Han
var dotterson aat ein frende til brørane Geirmund og
Haamund Heljarskinn fraa Hordaland (s. 44—45). For
draape paa ein berserk laut han fara ut av lande, til Noreg,
og gjorde daa eit lovkvad til Haakon jarl, som de no er
att halvt-anna vers av (1 i Heimskr. s. 186). Um hans
liv elles er de fortalt mykje i Svarvdølasaga og i ein
Torleivs-taatt; men de er so eventyrlegt, so de er vandt
aa vita kva sant de er j de, endaa sumt som er
nemnt andre stadir synest tyde paa at de hev nokon
grunn for seg. ` I dei nemnde sogune er de fortalt
at han sidan kom i uvenskap med Haakon jarl, og at
jarlen lét brenne upp skipe hans. So drog Torleiv til
Danmark, til Svein Tjugeskjegg, og kvad ei draape
aa 40 vers for honom, Vinteren etter kom han,
utklædd i staatar-bunad, attende til Noreg, og kom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free