- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
98

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98

soleis som de er fortalt, at han sidan, etter at Sigurd
jarl var innebrend, var med Harald Graafeld og dikta
eit kvad um honom med, so hev han ikkje vori av
same huglag som Øyvind Skaldespillar, som ikkje vilde
„bera tvo skjoldar“. :

Men ein rik skalde-givnad ser de ut til han hev
havt, denne Kormak, og sereigin med, — heller av ei
aand som synest framand i dette lage, millom dei
gamle norrøne kvadi, med dette reinstælte,
manndomsfriske, som jamleg sermerkjer deim.

I hirdskaldskapen, som de i de heile hadde vori
noko smaatt med no ei tid etter Harald Haarfagre,
kom de nytt liv med Haakon jarl, — som ventande
var, at skaldane maatte kjenne seg hugvarme for ein
hovding som var so heilt av deira livssyn og gjorde so
mykje for deira kjære gamle gudar. Av skaldar som
song til hans pris er de daa og nemnt fleire enn hjaa
sjølve Harald Haarfagre, 9 i alt. Tvo av deim er her
nemnde fyrr, Øyvind Skaldespillar med sitt Haaløygjatal,
og Eiliv Gudrunarson. Den mest namnkjende elles er
islendingen KINAR SKAALAGLAM. Han var son til
ei dotterdotter aat Gange-Rolv, og var bror til Usviv
den spake, kjend fraa Laksdøla. Sitt tilnamn skal han
hava av ei gaave han fekk av Haakon jarl, ẹi forgyllt
skaalvegt, med lodd som klang (glumde) i de dei vart
lagde paa skaaline. Kvade som denne gaava galdt
var Vellekla, eit av dei kvad som me no hev mest att
av fraa desse tidir, meir enn 20 heile og mange halve
vers. De meste av dette, ei 20 vers, hev me i Heimskr.
(s. 126—179). Namne paa kvade kjem av vell, som i
skaldemaale tyder gull, og ekla (vant, naud), og heng
vel saman ‘med de at Einar jamleg var arm paa gods.

Denne skalden merkjer seg ut med eit huglag og
ein tenkjemaate som ikkje var vanleg millom skaldar
i den tid. Endaa han visst var so hugdjerv hermann
som nokon annan — han var t. d. med i jomsvikingeslage
— og han veit aa skildre mod og manndom so godt som
nokon, ser ein likevel at han helst hev havt auga for
déi meir fredsæle dygdir. De han helst rosar jarlen for,
er den gode fred han hev gjevi land og folk, „slik som
elles ingin annan hovding enn Frode“, og han held

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free