Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
103
Derimot hjaa ettermannen, Eirik jarl, tok skaldane
til aa samle seg att, mest likso mange som hjaa hans
far, og de ser ut til dei likte seg vel der, — som
ventande skulde vera. For alt tyder paa at Eirik hev
vori ein utifraa greid og gjæv mann aa hava med aa
gjera. Hermann var han daa og av dei fremste, um
ikkje den fremste i si tid; i minsto hadde han med si
framferdige herførar-kløkt gjort utslage i dei tvo største
her-stridane som folk visste av aa segja i nordlandi,
jomsvikinge-slage og Svolder-slage. At han tok de
som han gjorde mot Olav Trygveson, fær ein ikkje
undrast so mykje paa, etter de som hadde hendt med
honom og Eiriks far. Eit vers hjaa Tord Kolbeinsson
(Heimskr. s. 187) tyder paa at de var ikkje nettupp
med sin gode vilje han gjorde de.
Dei 3 skaldane som me hev noko større att etter
av deira kvad um Eirik jarl, er ikkje alle av dei fremste,
men likevel jamt gode skaldar. ØYOLV DAADASKALD
sermerkjer seg mest med den kunstfulle formi. Draapa
hans um Eirik jarl, Bandadraapa, er med „klòvastev“
som de er kalla, ei line av steve innlagd i slutten av
kvart halv-vers. Namne hev kvade etter eit ord i
fyrste stev-lina, /and, som i skaldemaale tyder d. s. s
gudar. Av dei 8 versi me no hev av dette kvade stend
7 i Heimskr. (s. 153, 216—17). Um hans ætt og liv
er elles ikkje noko kjent.
Sameleis er de med skalden HALLDOR UKRISTNE.
Tilnamne tyder paa at han hev havt litin tilhug til
kristindomen. Av hans Firiksflokk hev me 5 vers i
Heimskringla (s. 223—834). Dei handlar alle um
Svolder-slage og de som Eirik gjorde der. So vidt
ein kann døme etter dei faa leivnine, ser de ut som
Halldor hev vori vel so god skald som Øyolv.
Tri andre av skaldane her fær me og nemne,
endaa um me no lite eller inkje hev av deira skaldskap,
i minsto av de som skulde koma Eirik jarl ved. Men
dei er so namngjetne elles, i minsto tvo av deim, fraa
den velkjende islendinga-sogu som dei hev so mykje
aa gjera med, sogo um Gunnlaug Ormstunge. Den
Flokk var eit mindre dikt enn ei draape, og utan stev.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>