- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
104

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104

eine er daa Gunnlaug Ormstunge sjølv. Av denne
sogo veit me at han kom til Eirik jarl; men „ormstunga“
hans gjorde at han vart ikkje lengi verande der. Sidan
var han daa i Sverike, England og Irland. Burte i
Sverike fekk han likevel tilhøve, i ei mannjamning med
ein jarl der, aa syne sin rettvilje mot Eirik jarl, og
vart sidan godven med honom. Etter de som er sagt
i Skaldatal, maa han og ha gjort kvæde um jarlen;
men av dette er ikkje noko kjent. Heller ikkje, eller
berre lite av hans kvad til kongar og hovdingar i
andre land, mest berre 1 vers og steve av eit kvæde
til den norske kongen Sigtrygg Silkeskjegg i Dublin.
Tilnamne hev han vel helst fengi for sine bitande svar,
knapt nok for sine kvad, som ikkje er vidare „kvasse“
eller sermerkte, de me no hev, — elles berre nokre
lause vers, mest um hans festarmoy, Helga den fagre.
Hans motmann, skalden Ravn, hadde visst god rett i
den dom han gav, um hans kvað til svenskekongen:
„De er rikt paa store ord, men ufagert, og noko stivt,
liksom Gunnlaug sjølv er av huglag.“ — Den andre
skalden er den nemnde motmannen til Gunnlaug,
Ravn Omundarson eller Skald-Ravn, han som i
tevlingi um Helga den fagre vart vinnaren paa ein
maate, men ikkje so at han fekk større gleda av vinningi.
Han skal og ha gjort kvæde um Eirik jarl; men elles
heldt han seg no mest i Svitjod, som me veit, hjaa
kong Olav Svenske. Etter honom er de i den same
sogo 3 lause vers, og de er alt me no hev av hans
kvad. — Den tridje endeleg er Skule Torsteinsson,
sonarson til Egil Skallagrimsson og bror til Helga den
fagre. Han var lengi med Ririk jarl, alt fraa fyri
Olav Trygvesons tid, og i Svolder-slage, daa han var
stamnbu paa Jarnbarden. Av hans kvæde um Eirik
jarl hev me ikkje noko att, men derimot nokre vers
(1 i Heimskr. s. 229) av ein flokk um
Svolderslage, som han hev dikta i sin alderdom. Etter dette
og noko anna smaatt ser de ut til han heller ikkje i
skaldskap hev vori so ufallin til aa taka arv etter sin
store bestefar.

Den skalden som me no hev mest etter av alle
desse jarle-skaldane, og de beste med, er ZORD

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free