- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
109

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

109

berre ung, 17—18 aar paa lag, etter de han sjølv
segjer i Bersøglisvisune, at han var „heilt skjegglaus daa“.
Sidan var han aa rekne for fast-buanđe i Noreg, der
han var gift og hadde born og gard, so lengi han
livde, vel til 1044—45 paa lag. Han var soleis med
likso god rett aa rekne for nordmann som ymse
norskfødde skaldar vert rekna for islendingar. Merkande er
de og, at de einaste norske kongesogu-verk som baade
er paa norsk maal og hev greide merke av at de er
ein nordmann som hev skrivi de, Aagrip,) de nemner
ikkje andre hirdskaldar enn Øyvind Skaldespillar og
Sigvat.

Kor som er, vantar de ikkje paa at Sigvat er
sermerkt i sin skaldskap; han er i røyndi den mest
sermerkte millom alle hirdskaldar, de me no kjenner
til. I sjølve innhalde merkjer han seg daa ut, forutan
med de som fyrr er nemnt, serleg med de at han er
langt mindre hermanns-skald enn dei andre. Ein
merkar lite til at hugen hjaa honom leikar med
vaapnglamr og blodbad, ulvar og ramnar og all den stasen; i
minsto er ikkje sjølve slaastingi for honom hovudsaki,
men dei høgre fyrimaali ein kunde naa med herstrid,
soleis som de var for Olav sjølv. De han helst gjev
seg aat med i sine kvad er sjølve menneski, deira liv
og ferd, tankar og hugmaal, med eit og anna drag
fraa den natur og de liv som dei ferdast i. Korleis
han sjølv var til hermann er ikkje sagt noko um, og
de er berre eitt slag me veit han var med i,
Nesjaslage; men de er ingin grunn til aa tvila paa de han
sjølv vitnar, at han var ikkje den som vilde spara seg
i nokon strid, naar de galdt um de.

Hans skaldskap er ikkje mindre sermerkt i formi,
med de at han brukar lite av dei kenningar eller
umskrivingar som var aalgjengde daa, anten no dette heng
saman med hans skaldegivnad, hans meir tøymelege
hugsyn, eller med de at han var aalvorleg kristeleg.
Visst er de, at han greider seg utan hjelp av nokon av

1) Dei 2 andre soguverki me hev etter nordmennar er baae paa latin;
de eine Tjodrek munk’s og de andre Historia Norvegiæ
Alle 3 høyrer til dei eldste sogu- -verki me hev i nordlandi, til tidi
1177—1200 eller nær der-ikring.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free