- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
110

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110

dei gamle gudar og deira fylgje i sine kvad. I staden
brukar han mykje aa skjote inn smaa side-merknadar
ìi versi, so han paa den maaten fær dei ordi han hev
bruk for til den vande versbygnaden, og som de stundom,
med fyrste augnekast, kann synast heller ikkje hev
anna der aa gjera; men ser ein betre etter, skal ein
likevel finne at dei mang ein gong gjer utruleg god
hjelp. Soleis i eit av dei finaste versi hans Sigvat, der
han skildrar korleis fjelli i Noreg tottest honom smile,
den tid kong Olav livde, — der er smøygt inn nokre ord
um at han (S.) var „kjend paa knarrom“ (handelsskipi).
Kva skal no dette vera til? Jau, de skal i 2—8 ord
segja so mykje som at han i den tid hadde havt god
raad til aa sjaa dei norske fjelli, og nettupp fraa den
sida som dei i seg sjølve skulde vera minst smilande
aa sjaa til, til skilnad fraa „lidine sjølve“ inne i lande,
som han talar um etterpaa.

Kvadi hans Sigvat er so mange, so de vart for
langt aa gaa nærare inn paa dei fleste av deim. De
meste me no hev av deim er daa og aa finne i
Heimskringla, og tolleg vel samla der kvart for seg. Med
sume av kvadi er de elles noko ugreidt med skipnaden,
soleis at de med sume vers er vandt aa vita kva kvad
dei hev høyrt til, eller um dei berre er „lausavisur“,
som Sigvat hev vori sers romhendt med, ser de ut til.

De fyrste av dei større kvadi hans er visstnok
Vikingarvisur, um Olavs vikingferdir og dei slag han
heldt i den tid (Heimskr. s. 2388—54). Her er de greidt
nok. med skipnaden, med di at slagi er nemnde med
sitt tal i rekkja, fyrste, andre o. s. tr. De er i alt
nemnt 13 i de som er med der (eller 14 med slage
i Saudungssund), men etter Fagrskinna hev de visstnok
vori 17. Deretter kjem Nesjavisune, um slage ved Nesjar
millom kong Olav og Svein jarl. Her var Sigvat
sjølv med, som de syner seg, ikkje berre av de han
segjer beint fram, men ogso av de at skildringi er so
rik og livfull. De meste av dei 14 heile og halve
versi me no hev av kvade høyrer til Heimskr. s. 271
—74. Kvad av eit sers slag, med si blanding av
godlynd frisk skjemt og aalvor, er hans Austfararvisur, som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free