- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
112

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112

igjenom er bygt. Me veit de er vandt aa døme um
kva fylgjur den og den ting kann ha havt; men so
mykje maa ein kunna segja, at hev noko kvad havt
inngripande og vidgjengde fylgjur, so er de dette.
Hadde ikkje Magnus vorti den gode og folkekjære
kongen han vart, so kunde mangt komi til aa set
.annarleis ut, ikkje berre i vaart lands sogu, men de
kunde og vera uvisst nok, um Magnus med sine
nordmennar daa hadde komi til aa gjera sitt storverk paa
Lyrskogsheidi, daa dei med sin siger mot vindane
-stemde den slaviske folkeflaumen, som elles kunde ha
yvifløymt endaa vidare baade nordlandi og andre land.

Til prøve paa Sigvats skaldskap skal me her taka
med noko av hans Ervedraapa um Olav den
heilage, nokre vers som de ser ut til hev høyrt til
fyrstningi og slutten av kvade. Desse og resten av
-dei 24 versi me no hev av kvade, og som handlar
mest um slage paa Stiklestad, høyrer med i
Heimskringla ; men berre nokre av deim er gjevne i umsetjing
der (s. 442, 507—19). Dette er visstnok de siste kvade
me hev etter Sigvat, men ser ikkje ut til de hev vori
sers godt. So er de nokre vers der Sigvat skildrar si
sorg og saknaden etter Olav. Um dei hev høyrt saman
i eitt kvad, kann vera uvisst; i.minsto er ikkje kvade
kjent med noko namn; men eit namn som
Olavsminne synest daa vera høvelegt. Endeleg er de nokre
vers til dronning Aastrid og til kong Magnus. Versi
‘til Aastrid syner sjølve at dei hev høyrt til eit kvad
til henne; men um versi til Magnus hev høyrt til same
eller til noko anna større kvad er uvisst aa vita. Desse
‘tvo kvadi eller vers-samlingane høyrer til i sogo um

Magnus den gode.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free