Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
111
han dikta paa si ferd til Rognvald jarl i Gautland.
Av dei 24 versi etter Sigvat som Heimskr. hev s.
293—333, høyrer i minsto 21 til dette kvade, og
kanskje eit par vers elles og. Noko i same leid er
hans Vestfararvisur, dikta paa ei ferd som Sigvat gjorde,
i den siste tid Olav var konge, til Normandi og England.
Men av dette kvade er de att berre 31/s vers*?), og etter deim
ser de ikkje ut til de hev vori vidare godt heller. Av
andre kvad kann me nemne hans #Ærlingsflokk, dikta um
Erling Skjalgsson, etter han var fallin. Av dei 9 versi
me no hev høyrer 7 til Heimskr. s. 470—72. De
syner seg her, som Snorre segjer, at Sigvat hadde
vori „god ven med Erling“, øg han kann ikkje dylja
sin harm, jamvel mot kongen sjølv, ser de ut til, alt
um de visst ikkje er tvil um at Olav meinte de ærleg
med aa vilja spara Erlings liv, endaa so ille han hadde
sviki konge og land. Av hans Knutsdraapa er de
dessverre berre lite att, ei 11 heile og halve vers (7i
Heimskr. s. 251, 444—48). Dette ser ut til de hev
vori eit av Sigvats beste kvad. De er visst nok ei
„ervedraape“, som de og er kalla sume stadir, og
soleis dikta etter kong Knut var daain, truleg endaatil
etter forlike millom Hordaknut og Magnus den gode.
De sereigne versemaale som her er brukt, „tøglag“,
hev namn etter Tøgdraapa hans Torarin Lovtunge
(Heimskr. 467— 68).
Men høgst millom alle kvadi hans Sigvat, og
millom alle hirdskalde-kvad i de minste, stend hans
Bersøglisvisur (Framtalande-visa). De var her ei baade
vanskeleg og faarleg uppgaave han hadde, aa tala til
rette ein hovding 1 ein alder som er minst vitnæm.
Men dette var nettupp ei slik som laag for Sigvat, og
han hev løyst henne so fullgodt, at de er raadlaust aa
tenkje seg de kunde vori gjort betre. Forutan dei 9 i
Heimskr. (s. 549—50) hev me 8—9 av versi andre
stadir. so me hev visstnok dette kvade gøymt so godt
som heilt, og de er fyrst naar ein fær lesa de alt i
samanheng at ein rett skynar kor meisterlegt de heilt
1) Høyrer til Heimskr. s. 444—45, men er ikkje komne med i
landsmaalsutgaava.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>