Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
134
um Harald; men so vel som dette høver med de som
skaldane hev um de same, kann ein gaa ut ifraa at dei
er likso paalitande i sine fraasegnir um andre tilburdar
her, so mykje meir som dette og høver vel med de
me veit fraa den græske sogo elles; soleis de at Harald
fraa Sikeløy_ var med paa herferd mot „frankane“
(normanane) i søre Italia („Langbardaland“, som de er
kalla i eit line-par etter Tjodolv), og fyri Sikeløy-ferdi
hadde vori utsend mot arabane i „Serkland“ (Syria
og Mesopotamia) og Jorsalaland, og at han seinare i
Miklagard var med og blinda Michael Kalafates, som
vilde faa avsett si fostermor, keisarfruva Zoe.
Mot deim som helst vil tvila paa alt gamalt, eller
alt gamalt norsk i minsto, hev daa skaldskapen her
fengi ein god studnad, og de ikkje berre for den tid
de her er tale um, men i de heile for all skaldskap av
dette slage.
Annarleis er de derimot med de som elles er fortalt
um Harald og væringane i sogu-bøkane. De er mykje
berre vandrande viking-segnir, riddar-sogur,
væringsegnir og klerke-segnir som etter kvart hev samla seg
um kong Harald, og so mykje heller um honom som
han lengi hadde vori so langt fraa lande.
Av de me hev etterleivt etter Tjodolv er daa de
meste draapur og slikt; men de er likevel etter maaten
svært mykje lausavisur eller hendemaals-kvad, og de
ser ut som Tjodolv nettupp ħev havt sin beste styrke
i dette aa kveda soleis paa staaande fot eller um og
samstundes med dei tilburdane han var med i. Kong
Harald hadde daa og sin gode moro av aa freiste
honom i den vegen, og de er fortalt mange døme paa
korleis han sette denne evna hans paa prøve og gav
honom uppgaavur, som Tjodolv alltid greidde seg
meisterleg ifraa. Ei prøve av dette slage hev me i
Heimskr. s. 589.
De fyrste kvade hans Tjodolv, Sorptrògvisune,
fraa hans gutedagar, skylder me Halle at me veit noko
til. At me inginting hev att av de, er visst elles ikkje
stort aa syrgje paa, etter den dom kong Harald gav
um kvade, daa han hadde nøydt Tjodolv til aa segja
de fram. :
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>