Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
133
stort verd for sogo, og baade sogo um Magnus og um
Harald er mykje bygde paa deim. Tjodolv var daa
ein utlærd hermann, kann ein vita, og til visse av dei
stautaste med. De han sjølv nemner um at han ikkje
brukte aa halde seg „løynd i konge-heren“, kann ein
trygt lite paa; — de hadde nytta lite aa kyte med
anna enn de som heilt sant var i den vegen, millom
folk som hadde likso god greide paa dette som han
sjølv. Ein storvaksin kar maa han ha vori og, kann
ein skyna; for med orde „slaaning“ i eit av versi sine
meiner han visst nok seg sjølv.
Noko er de likevel som Tjodolv og hev kvedi um
etter fretnad, og de er um kong Haralds liv og ferdir
sunnanlands. Men her hadde han daa fraasegn fraa
Harald sjølv og hans fylgjesmennar paa desse ferdir aa
gaa etter. Og de hev vist seg paa ein merkeleg maate,
at de samstavar godt med sjølve tilburdane, de som
baade Tjodolv og dei andre skaldane hev fortalt fraa
denne bolken av Haralds liv. De er so heppelegt at
de her eitt aare burte i Russland vart funni eit græsk
skrift fraa keisar Michael Dukas’ tid (1071—78). Her
talar bokskrivaren noko um ætthøge utlendingar som
hev vori j græsk her-teneste, og hev soleis eit stykke
um Harald og. Han nemner der at „Araltes var
son aat kongen i Varangia (væring-lande) og bror til
Júlavos“ (Olav), at han kom til keisar Michael
Paflagon med ein flokk av 500 vaapndjerve mennar,
vart send til Sikeløy (Sisilia) og gjorde der mange
storverk, til øyi vart underlagd, og kom so til
Konstantinopel att. Deretter hende de at Delianos gjorde
uppreist i Bulgaria, og Araltes og hans mennar
drog dit med keisaren og hans her, og gjorde der
storverk som var verdige hans ætt og manndom, —
bokskrivaren var sjølv med der, fortèl han. Etter
denne keisaren var daaïn, og systerson hans (den næste
keisaren) med, vilde Araltes fara heimatt til sitt land,
men fekk ikkje lov, og so kom han seg undan i løynd,
og vart konge i sitt land i staden for sin bror Julavos,
og sidan med heldt han ved lag truskapen og venskapen
med grækane.
Dette er de vigtigaste av de som her er fortalt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>