- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
144

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ymse hirdskaldar
hjaa Harald Hardraade.

Av dei 15 skaldane som de er sagt hev kvedi aat
kongane Magnus den gode og Harald Hardraade, er de,
forutan dei tri storskaldane Sigvat og Arnor og Tjodolv,
-endaa fem eller seks som de er etterleivt so mykje etter
at ein kann gjera seg ei meining um deira skaldskap.
Millom deim er daa for de fyrste aa nemne bror til
Tjodolv, BOZ VERK ARNORSSON, endaa um han vel
ikkje er den fyrste i rang. Men elles er de ikkje so
mykje ein hev aa halde seg til, vanleg berre ei halv
sneis vers etter kvar, so de kann ikkje stort nytte aa
gjeva seg inn paa noko rangspursmaal her. So mykje
kann ein segja, at dei synest i de heile hava godt
grip paa skaldskap, og vilde truleg vori høgt sette
sume av deim, og deira kvæde betre gøymde, um de
ikkje fraa deira samtid hadde vori so god raad paa de
som betre var.

Dei versi me hev etter Bolverk er av ei draape
um kong Harald, og handlar mest um hans herferdir
sunnanlands; dei tvo siste um møte millom Magnus og
Harald og den fyrste ferdi Harald gjorde til Danmark
-etter kong Magnus var daain.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free