Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
158
de minste kjent um skalden anna enn fraa dette kvade,
og i det er de ikkje noko som skil seg ut fraa kvad
av de mest vanlege slage, endaa um der kann vera eit
og anna som ein kann segja er vel sagt. De ser ut til
aa vera dikta ved aar 1100, medan endaa Magnus var
i live.
Paa lag like mykje er de me hev av Magnusdraapa
hans TORKJEL HAMARSKALD (6—7 vers). Men av
denne skalden er de no nemnt nokre fleire kvad; soleis
eit um Olav Kyrre, og eit um lendmannen Øystein Orre
fraa Giske, son til Torberg Arneson, han som fall i
slage ved Stamford bru, — men ikkje noko etterleivt
av desse tvo kvadi. Dei versi me hev tyder paa ein
vel so god dugleik i skaldskap som versi hans Bjørn
Krepphendt. Heller ikkje um denne skalden eller hans
ætt er noko kjent.
Annarleis er de i dette stykke med den tridje
skalden me hev aa nemne her, GISL ILLUGESON. Um
honom hev me ein heil taatt i kongesogune (sogo um
Magnus Berrføtt), um korleis han tok hemn for far sin.
Han er den siste skalden me kjenner til som er runnin
or den islendske ættgreini (Gilsbakkingane) etter Brage
den gamle (s. 29 og 99), og nokor ættarskam skal ein
ikkje segja at denne mannen er. Millom folk i denne
tid skulde visst Brage ikkje so lett kunna funni ein
betre arvtakar, korkje i skaldskap eller i annan
verdskap. De ser likevel ikkje ut til at han hev funni seg
vel ved de vande drottkvædne versemaale som Brage
vert rekna som ein far til; for de største kvad me hev
etter honom, hans ervekvad um Magnus Berføtt,
Magnuskvida (20 vers) er i gamalt reint fornyrdes-lag. So
framifraa er ikkje dette kvæde, endaa de hev ymse rett
fine og raakande drag, og de syner ein baade mannsleg
og manngod tenkjemaate. So mykje som denne skalden
hadde vori med kong Magnus paa hans herferdir og
var hans trugne ven, hev de. og eit sers verd for sogo,
og de synest difor underlegt at ikkje Snorre nokon stad
nemner denne skalden eller noko av hans kvad. Av
eit anna slag var vel de kvade som Gisl sagde fram for
Magnus til „hovudløysn“ for draape paa hans hirdmann,
han som hadde drepi far til Gis], — eit kvad som de
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>