- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
159

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159

elles ikkje er noko att av, og som de heller „ikkje var
stor skaldskap i“, etter de sogo segjer. De beste me hev
av Gisl er elles eit vers han gjorde daa han sat
fangafor de nemnde draape.

Hjaa dei mange kongar og kongssønir (rette eller
fyrigjevne) som de var i fyrste helvti av de 12te
hundradaare, Magnussønine og sønine til Harald Gille, var de
mykje dei same skaldane som vanka hjaa deim alle.
Hoøgst i skalde-ynde av alle desse kongane stod daa:
sjølvsagt Sigurd Magnusson med si Jorsal-ferd. Av
skaldane i denne tid er de sume som hev havt ei utifraa
rik yte-evne, kann ein sjaa, — i mengd daa. Soleis ein.
HALLDOR SKVALDRE ber ikkje sitt tilnamn for inkje.
Han hev sungi um mest alle dei kongar og stormennar
som fanst i nordlandi paa hans tid, fraa Magnus Berrføtt
til Inge Krokrygg (9 i alt som er nemnde). Men av alle
hans kvad er de berre 3 me hev noko att av: 1 versi
fornyrdes-lag av eit kvad um Sigurds Jorsal-ferd, 14
heile og halve vers av hans Utfarardraapa um same
emne, og so ei 3—4 vers av eit kvad um Harald Gille.
De kvade me hev mest av, og som truleg hev vori hans
beste, kann ein ikkje segja er av stort verd i noko
stykke, anna enn for sogo, med di de reknar upp og
skildrar herstridane hans Sigurd, etter mynster av Sigvats
„ Vikingarvisur“ um Olav Haraldsson (s. 110). Utanum
de me veit um og fraa hans kvad, er skalden elles heilt

ukjend.
Ein betre kjend mann — og noko betre skald med,
synest de -— er TORARIN STUTTFELD (sjaa s. 81).

Meir sparsam ser de no i minsto ut til han hev vori;
for av hans skaldskap er ikkje kjent eller nemnt meir
enn ei 2—3 lausavisur, og so ei draape um Sigurd
Jorsalafarar, Stuttfeldardraapa, som me hev ei 6—7
vers av. Dette med er um Jorsal- ferdi, og dikta i
„tøglag“, men ikkje vidare form-strengt. Derimot er
de av og til eit og anna drag som er gjevi med ein
god sving, um ikkje de alt er so mykje skaldskap eller
„poesi“ i de.

Serleg velkjend er skalden IVAR INGEMUNDSSON,
fraa ein taatt um honom i sogo, um Magnussønine
(kap. 18 i dei eldre utgaavune av Heimskringla). Etter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free