- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
164

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

164

um ein maa segja at de er godt gjort i den vegen med.
Men de som vekkjer stor-undring er den makelause
evna til aa greide slik ei mangslungi uppgaave i heilt
igjenom vel-laga vers.

Snorre hadde visst tenkt seg at han med dette verk
skulde vekkje den gamle skaldskapen til nytt og kanskje
endaa rikare liv enn fyrr. Men endaatil hans kunst
og gløggskap stod her magteslaus til aa blaase liv i dei
daude bein. Forutan honom vart de, som nemnt, etter
denne tidi ikkje fleire enn tvo skaldar i den vegen som
er nemnande, og desse tvo er brorsønine hans, brørane
Olav Hvitaskald og Sturla Tordsson.

OLAV HVITASKALD er elles kjend fraa sitt
Maalskrudsfrøde („grammatisk afhandling“), noko i
same leid som Edda hans Snorre, eller jamvel vidare
lagt, for so vidt som de tek sigte baade paa talekunsti
og versekunsti, men kjem elles ikkje i nokon maate upp
mot den i verd. Sitt meste verd hev de no ved dei
mange skaldevers som er innlagde der og. Derimot de
me hev av hans eigin skaldskap fær lov for aa vera
kanskje de beste me hev fraa desse seinare tidir. Men
de er dess-verre ikkje mykje. De meste er ei 10—12
vers av hans kvad til Haakon Haakonsson,
Haakonardraapa, i rynhendt versemaal.

Endaa meir i sitt yrke minner STURLA TORDSSON
um farbroren Snorre. Han og var baade sogu-skrivar
og skald. Av hans sogu-verk er aa nemne: den store
Sturlungasaga (mest um hans eigi ætt, men
samstundes ei heil islendinga-saga aa kalle for), sogo um
Haakon Haakonsson, og sogo um Magnus
Lagabøtar (av den dess-verre att berre 2 blad). I
skaldskap stend ikkje Sturla so høgt som i sogu-skriving,
— međ all agt for dei aagjetne ordi kong Magnus sa
til honom: „Eg meiner du kvèd betre enn paven!“
Han er mykje sogumann her og, og,skal han freiste
seg med høgare flugt, vert de gjerne altfor høgført,
eller og mykje ettergjort etter andre. Men av hans
kvad hev me etter maaten mykje att, i vissa av hans
4 kvad til Haakon Haakonsson. Soleis av Rynhenda
21 vers (ein ordrik etterklang etter Arnors og andre
kvad), Haakonarkvida 42 vers (fornyrdes-lag), Ravnsmaal

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free