Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
163
attaat de han var sogu-skrivar, og de er nok skaldskap
han fyrst hev tamt seg upp paa. De fyrste kvade hans
me veit um, er vel de han dikta um kong Sverre;
men uvisst er de, um de var gjort i den tid Sverre
livde. Betre greide hev me paa hans kvad til Haakon
Galin (} 1214) og til kona hans, fru Kristina, eit
kvad som han hev kalla Andvaka (nattevaking). Elles
er nemnde eit kvad um Inge Baardsson og 2 kvad
til Skule jarl, de eine ei draape og de andre ein
flokk. Av alle desse kvadi er de no ikkje anna att enn
steve av draapa til Skule jarl.
Men de største skaldeverke hans Snorre hev me til
all lukke likevel heilt, hans Edda. Dette er ei heil
skaldelære eller handbok i skaldskap. Ho er avdeild i
3 bolkar. Fyrste bolken er Gylvaginning,
gudelæra, som de galdt for ein rett skald aa vera godt inne ií.
Andre bolken, Skaldskaparmaal, er um
skaldenemningar (umskrivingar og kenningar), rikeleg upplyst
med vers i mengd fraa dei fleste „hovudskaldane“.
Tridje bolken endeleg er um versbygnaden. Her er
innsett, med rettleidingar, eit kvad til kong Haakon
Haakonsson og Skule jarl som Snorre sjølv dikta
vinteren 1222–23, til takk for den æra og venskapen
dei hadde vist honom, og som her er kalla Haattatal.
De er paa 102 vers, og er vel i bygnad de mest uttenkte
kvad som finst i verdi, og dette gjenomført so
meisterlegt at de er eit under. Kvade fell i 3 hovudbolkar,
den fyrste um kong Haakon, den andre um Skule, og
den siste um baae. Desse bolkane att fell i vers-lag
paa 3 og 3 eller 9 og 9 vers, med emne som tek seg
uppatt i tilsvarande drag med visse millom-rom, og til
deildingi i innhalde høver tilsvarande skipelag med
versbygnaden, soleis at kvar deild og kvart vers gjev visse
greiningar eller avgreiningar av versbygnad. Paa den
maaten fær ein her prøve paa alle slag brigde og grip
i versbygnaden, ikkje berre alle dei som Snorre visste
um hadde vori i bruk, men og nye, slike som han hev
tenkt seg, til aa faa rekkja heil, og daa mange vers
langt vandare enn nokon hirdskald fyrr hadde havt tanke
um. - Sjølve innhalde av kvade er ikkje, og kunde ikkje
vel paa denne maaten verte vidare sermerkt, endaa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>