- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
6

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6 Av laak Ætt

og kallad meg Fantunge:, sagde Leiv. Aas-
bjørn tok paa seg og strauk avstad og talad
med Læraren. Daa smøygde Leiv seg ut til
Hans, som var paa Laaven og stelte med ein
Slede. »Naa, Kar, hev du graatet?« sagde Hans.
Leiv svarad ikkje. »Kor likad dudeg paa Sku-
len daa?« spurde Hans. »Eg kjem der ikkje
meirl« sutrad Leiv. »Hm; nei, neic, svarad
Hans, og gav seg til aa blistra.

— »Du Hans?«— »Naatc« — »Er eg ann-
leis eg enn andre Gutar?*« — »Kor kjem du
paa det, din Tosk?« — »Dei gjorde ikkje Narr
av dei andre«. — »Haa haac, sagde Hans, »er
det komet so langt, so er det kanskje best, du
fær vita heile Resten«. Dermed sette Hans seg
til aa fortelja alt det han visste um Far hans
og Mor hans. Og han gjorde dette med slik
ei Gleda, at Leiv vart rædd han. Tilslutt sagde
Hans: »Og so kann du hugsa paa det, Far,
at du er av eit laakt Slag, og det vil segja so
mykje som at du kjem til aa gaa som eit Rek
og ein Folkestygg i all di Tid . . . liksom so
mange andre, he-he-he! Men hugga deg med
det, du, at du ikkje er aaleine um det; og er
du klok, so tek du Verdi so, som ho tek deg«.
Leiv gjekk inn og sette seg i Ovnskraai og
greet. Han forstod ikkje stort av det, han hadde
høyrt; men han var so rædd; han visste ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free