- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
34

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34 Av laak ÆH,

stort Stakkarsting, og var væl verd aa vera
Allemanns Narr. Eg var rædd og blaut, og
trudde at andre Folk var av eit gildare Slag
enn eg. Es maa lærnaareg tenkjer paa dette.
Slike Grillur kann ikkje vera til her. Folk bryr
seg ikkje um slikt. Eg er likso god som den
beste, so lengje eg er ein dugande og ærleg
Mann, og um eg so var Son av ei Fantekjering
og fødd i Vegveita, vilde eg vera jamgod med
den beste Adelsmann. Igaar vart eg kjend med
ein, som er fødd Baron, men no er Skulemeister;
me vart gode Venner, og ingen held han for
betre Kar enn meg. Eg er fri og sterk, fæler
for ingen og ser kvar Mann trygt i Augo.
Og alt gjeng godt. Var det ikkje for det du
veit, so skulde eg taka deg her hit og aldri
reisa til Norig att. Naar eg tenkjer paa, som
eg der hadde det, so vert det liksom tyngre aa
pusta. Kvar Gong eg raakar Folk, som kjem
hit fraa Norig, so lyt eg flira aat dei, dei hev
so mange Grillur. Men naar dei hev voret her
eit Bil, so vert det Folk av dei strakst. — —
Eg slit som ein Hest og arbeider for tvo.
Løni er god, og eg legg upp ikkje so litet,
og set det i Banken. Det er og ein Ting, eg
hev lært her. Det fyrste eg kom, vilde é&g
samla paa Kistebotn som me gjer heime; men
daa Folk forstod det, lo dei og trudde eg var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free