Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Av laak Att, 35
galen. Naar Pengarne stend i Banken, fær ein
Rentur av dei, og Summen veks Aar for Aar.
— Men her er dyrt aa liva, og det gjeng ikkje
fort med aa spara upp Pengar. Det skal røyna
hardt, um eg kann tena det, eg vil, paa fire
Aar, — —s
Eit halvt Aar etter fekk Aasbjørn eit nytt
Brev; daa hadde Leiv fenget betre Arbeid og
større Løn, og hadde godt Mod. Men so gjekk
det ei lang Tid, at det ikkje kom Brev. Og
det, som daa kom, var stutt og leidt. Der stod:
»Eg hev nok likevæl ei laak Lukka. Den
Banken, der Pengarne mine stod, er gjengen i
Fant, Kasseraren er stroken med Pengeskuffa.
Der strauk med eingong alt mitt Slit og Stræv.
Eg aatte just so mykje, at det liksom tok til
aa draga ihop. No stend eg so naken som
Naali att og kann taka paa fraa nyom.
Alle mine Pengar var ærleg tente. Kvi
skulde no dette koma? Eg er sjuk og vill. Alt
vondt er ute, Fyrst skulde eg vera nøydd til
aa fara or Landet for aa vinna den eg vilde;
so var ikkje det helder nok, so skulde det vesle,
eg hadde tent meg upp, verta fraa meg stolet
av den fyrste Farken, som saag seg Mun i eit
Par Skilling. No maa eg stræva i 4 Aar til,
og Gud veit, om Helsa mi held ut so lengje i
den Trældomen. Og Gud veit, kva Alvhild vil
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>