- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
64

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64 Av laak Ætt

sagde Folk. Dei tok til att med Drykkjen. Det
sluttad med eit illhervelegt Slagsmaal. - Fleire
vart ille medfarne, Bjørn Haugstad verst.

— Men daa ladg Leiv Hegglid paa Hav-
sens Botn.

Den Kvelden, dette bar til i Byen, var Tre-
djedags Brudlaupskvelden paa Dale. Det var
eit stort Brudlaup, som ventande var av slike
Folk. Likevæl var det stuslegt, for Bruri var
uglad. Ho sat so kald og bleik under den
blanke Krupa, at alle undrast og fekk Uhus.
Aldri saag ein ho lo, og um ho smilte, var
det so tomt og gledelaust. I Augo var ho hard
og stiv, liksom ho var rangsvævd. Knut gjorde
det han kunde til aa faa Liv i Laget; men det
var dei som vilde vita, at han ikkje helder var
so glad som han skapad seg.

Det vart kviskrat um, at Alvhild nok like-
væl hadde sin rette Festemann i Amerika. Eit
og annat av Bjørn Haugstads Nidvers ’snikte
"seg kring i Laget. Some av Gutarne gjekk
sjølv med saare Hjarto for Alvhild si Skuld;
dei lettad seg med Spitord og Slengjestev. Daa
Drykken fekk Magt med dei, vart dei ville og
galne. Um Andredagskvelden hadde some av
dei dansat med blanke Knivar i Henderne, og
-Brudgomen hadde haldet seg mest inne hjaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free