Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
84 Stordaad,
Sol, for Vindauga var berre ein Glugg i Taket,
halvt fyrebygd . . . sitja der og maula Smørre-
brød, og drikka Vatn elder Pott-Øl . .. nei!
og um dei hadde til 4a leggja i Omnen, so
vart der so fullt av Røyk, og so maatte dei
lyfta upp den store Gluggen i Taket, og so
vart der so fælt, so fælt... og so var der
ikkje meir enn ein Stol; det andre maatte sitja
paa Sengekanten; og so var der ikkje Rom til aa
snu seg, naar dei var inne alle tri; og i Dag var
Mor sjuk, so det var verre enn verst; nei! —
men paa Dampen, paa [Dampen, der var det
godt aa vera; der kunde dei sitja og verma seg
ein Time, um dei vilde, og der var altid ein
Uppvartar, som kunde koma til aa sjaa dei og
tykkja Synd i dei og stikka til dei ein Braud-
bite, elder eit Supefat, elder ei Kjøtslintre, som
andre hadde leivt . . . aa, Hans vart so glad,
og so varm innvortes; og kor det hadde seg
elder ikkje: sjølve Vinden var ikkje lenger so
strid no som fyrr, totte han.
Men so med ein Gong stansad Hansemann.
Og Gleda gjekk av han so braadt og so tydeleg,
at ein kunde sjaa det med Augo.
sHva æ dæ?« sagde Johanne arg. For
ho visste kva det var. Ho gjekk sjølv og tenkte
paa det same.
»Morc, sagde Hans.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>