- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
102

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102 Seld til den Vonde

ho hadde Umgang med, var Tenestfolket, som
fortalde henne Sogur og lærde henne Bygde-
visur. Hellest vaks ho upp med liten Kunskap
i dei Ting, som andre Folk heldt for um-aa-
gjera; soleis vart det sagt, at ho knapt nok
kunde Fadervaaret, daa ho stod for Presten.
Ho var framifraa fager, frisk og staut; men i
Augo hadde ho nokot villt, som gav Minning
um Mori.

For Presten gjekk ho, daa ho var femtan
Aar. Ho hadde ikkje stort Lag med den andre
Ungdomen, daa dei fleste var rædde henne;
men so var ho og like sæl. Berre ei av Gjen-
turne brydde ho seg um, og det var Signe Lid;
for henne hatad ho. Signe Lid var ven og ljos,
blid i Aasyn, mild i sitt heile Lag; Gutarne
likad henne framifraa. Baard Neset var og ein
av dei, som hadde ein Godhug til Signe.
Men just dette var det, som Gunhild ikkje kunde
lika. Naar Baard sat og saag burttil Signe,
fekk ho liksom Bringeverk. Ho lagde seg meir
og meir etter aa draga Baards Augo til seg.
Baard forstod tilslutt dette og totte det var gildt.
Det var altid ein hæv Ting aa vera væl likad
av vene Møyar; men det var stort aa likast av
ei som Gunhild Nielsdotter.

Tidi gjekk, og Baard fann tilslutt ut, at
Gunhild var venare enn Signe. Ho var staut-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free