- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
103

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. - ; 103

are og finare, dertil meir glad og rask, hadde
meir Sving paa seg, eun denne ljose, stille Lid-
Gjenta. So var det og desse fortrollande, liv-
ande Augo; Baard vart heit, naar ho saag paa
han. —Attaat alt var ho rikare og av Storfolk.
Han kom i sterkt Hovudbrot um dette og ynskte
ofta aa faa tala aalvorlegt med Gunhild. Men
han kom seg ikkje til; hugsad og, at Folket
hans og Futen aldri hadde voret Venner.

Daa dei var framsloppne, var det sjeldnare,
dei saagst; Gunhild heldt seg mest heime. Ei
halvgamall Dame kom i den Tidi til Futegarden
og skulde halda Hus der og samstundes læra
Gunhild upp i finare Folkeskikk; det skulde
vera ein Skylding av Futen, vart det sagt. Men
um henne brydde ikkje Gunhild seg stort. Ho
var helst aa finna i Tenarstova og Kjøken,
elder og foor ho ute og dreiv, som ho. fyrr
hadde gjort, gjekk paa Ski, song Visur, og tenkte
paa Baard. Dei Sundagarne det var Messe
Var ho gjerna til Kyrkja og var daa altid
overlag sæl, naar ho fekk sjaa han. Men det
var ikkje altid han var der, og daa kunde ho
vera i Ulag i fleire Dagar. Og ho var ikkje god
aa koma ut for daa. Ingen forstod, kor det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free