Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
114 Seld til den Vonde.
are. Kanhenda var det, for di det var komet
so braadt.
Men i den Tidi, som no kom, fann Folk
han underleg. Serskilt vart det lagt Merke til,
at han ikkje lenger gjekk til Lid. Ingen for-
stod Grunnen til dette utan Signe; men ho
gjorde seg sine eigne Tankar um det og tagde.
Gunhild var stolt og sæl. Guten sin hadde
ho vunnet, og det med eit einaste Tak, og
Lid-Gjenta hadde ho vippat or Vegen som
ingenting: No kunde den bleike Bondekrøkja
sjaa, kven som var den sterkaste av dei tvo!
Aa, kor ho visst harmad seg. Og kor ho laut
misunna henne! Jau, jau, kva vilde du der?
Det skulde daa vera rart,um nokon heri Bygdi
skulde koma upp mot Gunhild Nielsdotter.
Og so heilt som ho aatte Guten sin. Kor
fangad og fortapt han stod, daa han saag henne;
kor mjukt han bad, kor lydigt han gav seg inn
under henne! Ho lo av Gleda, naar ho tenkte
paa det, og alle undrast paa, at ho var so
reint forandrad. Ho flaug ute oftare enn van-
leg, og song og kvitrad ikapp med Fuglarne.
Naar ho kom so høgt, at ho kunde sjaa til
Neset, haukad ho,so det svarad rundt alle Fjell.
Men var ho inne, so var det slikt Staak og slik
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>