- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
130

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fo Seld til den Vonde.

og talad til henne so rolegt og kaldt, at ho
strakst kom til seg att og vart skamfull yver
si eigi Rædsla. »>Du var væl verd aa døy,«
sagde han, »men eg skal ikkje drepa deg. Eg
hev ikkje meir med deg. Her er Morsarven
din; tak den og gakk, og kom meg ikkje meir
for Augo. Eit slikt Kvinnfolk vil eg ikkje hava
i mitt Hus, og med desse Pengarne her kann
du berga deg sjølv. Farvæl

Dermed snudde Futen og gjekk. Ho høyrde
tunge Steg burt gjenom ein Gang; ei Dør gjekk
upp og att; og so var alt stillt.

— Det var ei Stund, fyrr ho rett hadde Mod
til aa røra paa seg; so prøvde ho so smaatt,
um ho hadde Magt til det, og so krabbad ho
seg upp. Drog seg inn i Kammerset sitt, tok
Klæde og lagde i eit Knyté, fann fram or Skri-
net sitt Gullringar og Sylvstas, som ho hadde
etter Mor si, lagde ei Salmebok varlegt inni
Barmen, stellte Haaret sitt og fjelgad paa Klædi.
Ho var som 1 Ørska; det gjekk so seint og
høgtidslegt som ho stellte til Likferd. Og sjølv
var ho so bleik som um det var ho, som skulde
aat Jordi. Ei Tidetter kunde ein sjaa eit Kvende
med eit Knyte i Haandi rusla stillt og ustødt

ut gjenom Tunet; men ingen skulde tenkt, at
det vår den same Gjentungen, som fyrr foor
her og sprang, lett og vill som Hind i Skog.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free