- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
169

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 169

hadde øydelagt mange. For hans Skuld
hadde mange misst Livsens Voner; for hans
Skuld leid mange den fælaste Naud. Kor mange
tunge Vaabøner laag det væl alt og brann yver
hans unge Nakke; kor dyrt han visst alt var
forbannad av desse mange vonlaust ventande,
som han med kaat Hug hadde skjemt. Ho
gjekk att og fram i den store Stova si, fredlaus
Og rædd, vreid sine sveittande Hender, stansad
og stod lange Stunder og stirde, ende ut i Lufti,
elder ende inn i seg sjølv; for 1 sine eigne Tan-
kar livde ho no, ikkje i Verdi. Med ein Gong
blenkte det upp att for henne, at det var til
Slutten ho sjølv og ikkje han, som hadde Skuldi.
Han kunde ikkje hjelpa, at han var slengd paa
’Gata millom Herket og hadde lært alt stygt.
Dei Kvinnurne, som bannad han, gjorde Urett:
dei skulde forbanna henne. Ho aaleine var
Syndaren. Men ikkje ho helder, men han
:«der heime, Baard Neset, han, som hadde øyde-
lagt henne, anm var Syndaren; paa Zans Hovud
skulde alle desse Vaabøner samla seg; man
skulde lida for alt som var hendt, for seg sjølv, *
for henne, for Son hennar, for alle dei unge,
-.sundrivne Liv, for dei Barneborn, som no gjekk
rundt i Verdi og leid vondt og lærdest upp til
vondt; Skuld paa Skuld, ut igjenom all Verdi,
ut igjenom, alt ut til Domedag. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free