- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
171

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. TE

er det nokot tids?« — Nei, ikkje det; men det
kunde henda, at han likso snart kom til henne
som ho til honom. »Er han her? fort! fort!: —
Der var ein Feber yver Gunhild, so Gamla vart
teki med. »Baade han og Kona hans!« sagde
ho medeit stort Smil. »Aa, for eit fagert Par l«

Hjartat bankad i Gunhild, so ho laut setja
seg. Ho drog Pusten fleire Gonger djupt, og
kunde ikkje koma seg til aa tala; Judith vart
rædd og vilde hjelpa. »Lat dei koma —le
kviskrad Gunhild sterkt. »De toler det visst
ikkje,< meinte Mor Judith, »Lat dei komal
sette ho i og vart utaaleg. Mor Judith drog
seg ut, og snart høyrde Gunhild Steg av fleire -
komande . .. Døri gjekk upp. Ho drogst fram
imot dei som av ei framand Magt, saag dei
ikkje, men liksom gjenom ei Skodd skimtad ho
ein stor, staut Gut med eit svart, digert Haar,
som det laag som ein Ljoske um ;
Og etter honom eit Kvende, ljost, med store
straalerike Augo. Gunhild flaug fram og vart
uppteki millom sterke, mjuke Armar; alle tri
stod samanslungne i ein Krins med Armarne
ikring kvarandre, og ho skalv og ho greet, og
kunde ingenting segja. Men Baard sagde: »eg
visste, eg skulde finna deg eingong. At eg
fann deg no, det tek eg som eit godt Merke.<
Anna undrast paa, at dei ikkje vart helste væl-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free