Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seld til den Vonde. 189
er?« Baard kjende seg skamfull; »nei, nei,
ikkje s0,« sagde han, »men eg forstend ikkje —<
»Forstend! forstendl« hermde Presten i
heilag Harm. »So du vil forstaa Guds Tankar>
du vil gjera deg vis yver Guds Raader! Du,
Makken i Moldi, du Krek, som ikkje er verd,
at Herren skal treda deg med sin Hæl, du rotne
Kar, fullt av Synd og Ufysedom, du som i kvar
einaste Stund av ditt Liv hev fortent Helvite
tusund Gonger med dine stygge Synder, du vil
gjera deg vis yver den heilage i Himmelen,
du vil forstaa hans Vilje? I Sanning, um Dje-
velen stod fram i denne Stundi og tok deg livs
livande, du hadde ærleg fortent det.»
Baard vart rædd. Slikt hadde han ikkje
tenkt seg. So myndig Tale hadde han aldri
høyrt. »Eg meinte det ikkje so, sagde han
spakt; »men det var berre det, um ei Mor
kunde hava Rett . . .<
»Du skal æra Far din og Mor dil« sagde
Presten, »og ikkje hev du Lov til aa døma
deira Gjerningar, kor underlege du enn kann
synast dei er. I Grunnen er du ikkje verre
faren du enn me andre. Gjenom Arvesyndi er
me alle selde til den Vonde! Du negtar aa
godkjenna det Mor di hev gjort? Likso godt
kunde du negta aa godkjenna, at ho hev fenget
og født deg; for det gjorde ho og utan aa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>