Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
190 Seld til den Vonde,
spyrja deg. Agta deg, Gut! og tenk deg um!
Alt det du fær i Arv av dine Foreldre skal du
taka imot som det kom ifraa Gud, taka det som
ei Guds Gaava elder ein Guds Straffedom, Synd,
Sjukdom, Daude, alt maa du taka, og klagar
du, so klagar du imot Gud, som hev skapt deg!
Kvart Barn, som vert født, er født i Synd og
Guds Unaade, som Djevelens Barn og Eignalut;
og ingen kann klaga, for di han vert fordømd
men maa prisa Guds Visdom og Rettferd i
sjølve Helvite; for Helvite er vaar rette Arv,
og der høyrer me av Naturen heime. Men den,
som vert frelst, han vert frelst av Guds ufor-
tente Naade og ved eit Under, som er yver
all Forstand, so sjølve Æva ikkje vert for lang
til retteleg aa takka Gud for slik ein uforskyld
Velgjerning; men den, som gjeng til Helvite,
maa segja: visseleg nyt eg no min Rett og det
eg hev fortent; men Guds Rettvisa og Heilag-
dom er utan Endel
Baard seig meir og meirihop. Dette hadde
han aldri visst.
»Og du,« heldt Presten fram, »maa meir
enn andre tigja og bøygja deg for Guds Rett-
ferd, du som i all di Tid hev livt i Synd og
Ukjurskap og rett gjort deg fyre med aa vera
Guds Vilje imot! Ver viss paa det: daa Gud
gav Mor di Magt til aa gjera denne Gjerningen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>