Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seld til den Vonde. IOI
mot deg, daa saag han fyreaat, at du vilde
verta slik ein ugudeleg Mann, som vilde fortena
verre Uferd enn dei fleste, og daa gjorde han
deg berre din Rett, daa han leet deg gjeva
den Vonde i Vald.«
»Men ..... men . . . Anna? kva vondt hev
ho gjort, at ho skal koma ut i slik Ulukka?<
»Um ho hev gjort nokot serskilt vondt,
kann me ikkje vita; men det veit me, at hev
Gud sendt henne dette, so hev han set, at ho
trong um det til sin Sjælebate.<
No visste ikkje Baard meir. Han var hjelpe-
laus. »Sæal eg altso fara til Helvite i Nott?«
spurde han hugsprengd.
Presten tagde og saag paa han, og daa
han tottest sjaa, at den unge Mannen var mykt,
sagde han:
»Um du foor til Helvite, so hadde du in-
genting aa segja. Men liksom det hellest er
Guds Vilje, at so mange som mogeleg riv seg
ut or Satans Klør og mnarrar den Vonde for
Sjæli si, soleis maa det og for deg vera rett
aa prøva aa finna Frelse, endaa um den Vonde
hev sterkare Rett paa deg enn paa dei fleste
andre. Men skal du frelsast, maa du fyrst
bøygja deg aalvorlegt i ditt Hjarta for Gud og
gjeva deg heilt ut i hans Vald . . .«
»Ja, ja! eg vil! eg villa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>