- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
227

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mannen med Sekken.

w
w
PS,

Mannen hadde det. No forstod eg Fyren.
Baade honom og Sekken hans med alt det rare
i. Eco vart tankefull, men ikkje vidare fjaag,
snudde meg aat Vognglaset og gav meg til aa
stira ut i dei svarte Liderne, som stod og susad
i Uversvinden og rømde atterut og atterut,
liksom dei varrædde. Og eg tenkte so lengje,
til eg paa Slutten korkje visste ut elder inn.

Fleire hadde samlat seg kring Mannen
med Sekken, og Ølflaska gjekk, og Munnen
hans gjekk, og det høyrdest ut til, at dei hadde
Moro. Men det dei snakkad um var ingen
Verdsens Ting. Tilslutt vart det nokot stillvoret
i Flokken, og daa hende den merkjelege Ting-
en, at Mannen med Sekken gav seg til aa
syngja.

Han song ikkje um det nye Jerusalem i
Kveld. Med eit gnellt, trongt Gjeitemaal og
alle Slags Svingar og Sveivar og Trimulantar
song han i villande Sky den gamle Visa, som
altid er ny, og altid syrgjeleg, um den unge
Sjømand, som gik sig i Lunden saa grøn, og
traff sig en Pige saa skjøn, og talede til hende
som saa: Og hør du skjøn Jomfru vil du vera
min Ven, og elska mej saa ærlig og tro? og
ho svarar ja, og so er alt godt og væl, men
: so havde hun sig en Fader saa bold, og han
segjer til den unge Sjømand: hvad er det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free