Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
240 Ungdom.
kar. Han maatte reint ut segja, at han var
glad i denne Gjentungen. Ja ikkje paa den
Maaten; men ho var so ulik alle dei andre, han
hadde set. Heime paa hans Kant var ikkje
Gjenturne slike, ikkje hans eigne Systrar ein-
gong, Lensmansdøtrarne; og i Byen var det
helder ikkje slike. Og so skulde denne Gjenta
kasta seg burt til ein Trehest, ein Patent-idiot,
som denne Per Tjerandsen. Det var for galet,
totte han, Iser daa ho nok ikkje brydde seg
stort um han, som rimelegt var . . . Jens Carl-
stad smilte.
Sjølv vilde han ikkje Gjenta nokon Ting,
naturlegvis; han var forlovad, og dessutan hadde
han Moral. Og for det tridje . . . med eit
Ord: han var forlovad. Og han heldt av Jenny,
og sette Pris paa henne. Ho var eit Aands-
menneske; fin, bleik, interessant; god Upplæring,
Pianoforte, tysk engelsk fransk, Kunstsans, Sans
for Poesi, og for Naturen; slik maatte den vera,
som han skulde ha. Anne Malene var berre
Kjøt, ho stakkar; men — ja, han visste ikkje,
men i Godlag kunde ho faa han. Naa, natur-
legvis, det kunde Jenny og; ho var baade snild
og blid. Den Gongen han vart glad i henne,
var ho ein heil Villkatt; men daa var ho berre
trettan Aar. Sidan hadde ho visst svermat litt
for denne Pianisten . . . Gud veit; kanskje var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>