- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
241

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 241

det daa, ho fekk so mykje aandeleg Sans, og
vart meir aalvorleg. Naa; Hovudsaki var, at
ho hadde svarat Ja, daa han fridde, og det gjorde
ho fint. God Stil; strengt ortografisk. Han
hadde talat for lite med henne enno. Tri Gon-
ger hadde han gjevet henne ein sedeleg Kyss,
elder tvo Gonger, dersom ein reknad strengt,
for den eine Gongen fann han ikkje Munnen;
det var det heile. Men denne galne Gjentungen
her — hm! Den som visste, korleis det gjekk
til! men i Dag, i denne Dag, utan eit Ord,
reint av seg sjølv . . . han hadde lysst henne!
hadde ikkje sansat etter, um Kyssen var sede.
leg eingong. Aa, han hadde faret aat som ein
Noksagt. Det var ingen sedeleg Kyss. Det
var ein sanseleg Kyss; aa — aa —. Og ho vart
ikkje vond! Ikkje meir enn Kattungen vert
vond, naar du stryk han yver Ryggen! Det’
var ein søt Unge. Og Jens Carlstad hadde ei
usedeleg Kjenning av, at han var glad . . . uff,
glad; aa, han skulde aldri gjera det meir, aldri.
— Aldri!

Han kunde snakka med henne, kanskje
skjemta med henne so smaatt, naar det høvde
Seg 50; men 1 Tukt og Æra; og det, som i
Dag hadde hendt, maatte vera gløymt for all
Tid, nedsøkkt i Lethe, ja, i Lethe. —

— Han snakkad med Anne Malene so
16

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free