- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
244

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

244 Ungdom.

til seg att og sagde nokot um, at han fekk agta
seg, elder taka seg i Vare, elder . . . og so
gjekk ho. Men strakst etter snudde ho seg,
smilte og helsad: »adjøs, Postassistent!< og var
med ein einaste Gong den same som fyrr. Glad,
trygg; uskyldig! Ho hadde aldri syndat! Han
maatte tenkja seg um. Han tok til aa ræddast
for, at heile den store Syndi berre kunde vera
ein Draum. —

Fraa den Tid var dei Venner. Dei hadde
ein svært greid og god Møtestad attum ein Haug
ved ein stor Stein, og under den same Steinen
hadde dei Postkontoret sitt; heile Verdi si hadde
dei. der; alt det andre, som var i Verdi, var
ikkje nokot.

Men i Grunnen var Jens Carlstad ein mo.
ralsk Mann. Og kvar Gong han skulde upp til
den Steinen, heldt han ein Tale til seg sjølv
um, kor galet dette var, og at han aldri i Verdi
vilde gjera det. So gjorde han det. Og naar
det var gjort, pinte han seg med Samvitsgnag
og aandeleg Sjølvpisking det beste han kunde,
og kjende seg som ein Skarv, og totte han
burde sputta seg sjølv i Augo.

Paa den Maaten hadde ikkje Anne Malene
det, so vidt han kunde skyna. Ho saag aldri
ut til aa hava vondt Samvit. Ho saag sin Ven
Carlstad likso trygt og truskyldigt i Augo no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free