- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
254

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

w

54

Ungdom.

Naar ho heldt av Carlstad, fekk ho gifta seg
med han; men Per var ikkje Kar til aa sjaa
paa det. Han vilde berre beda henne ikkje
hava nokot imot han. Farvæl, og Takk...
for alt. Han kastad seg i Marki og greet. Der
laag det lange Manfolket og tutad, som han
vilde graata ut Sjæli si. Anne Malene vart rørd,
og rædd attpaa, og so vart daa med det Reipet
Kjærleiksens Band knytt imillom dei paa nytt.
Men paa Brudlaupsdagen var det Anne Malene,
som tutad.

Ho hadde ikkje tenkt yver mange Ting i
sine Dagar, Anne Malene; men det visste ho
no, at hadde ho fenget Carlstad istadenfor Per,
so hadde ho lætt ogikkje graatet. Men Presten
talad fagert um Abraham og Sara. Og deretter
tilspurde han den ærlege Ungkar Per Tjerandsen
Vigmoen, um han vilde hava den ærlege Jom-
fru Anne Malene, som her stod, til si Ægtekona,
og det vilde Per Tjerandsen. Vidare tilspurde
han den ærlege Jomfru Anne Malene, um ho
vilde hava denne ærlege Ungkar Per, .som her
stod, til sin Ægte-Husbonde, og det sagde Anne
Malene, at ho vilde.

So var det avgjort

— Ho hadde nok gjort det ho kunde til
aa faa Brudlaupet uppsett. Men Per var umo-
geleg, og dei gamle heldt med honom. »Kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0266.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free