- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
255

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 255

er det for Tøv?: sa gamle Mattis, vtrur du du
vinn noko med aa gaa her og floksa som du
gjer, med den svoltne Skogmannen? Høh!
Han kom her og snakkad um Arrendering, han;
men. det var nok annat Slag Arrendering, han
tenkte paa!« So gav Anne Malene etter. Skog-
mannen kunde nok ikkje hjelpa henne. Og no,
som sagt, var det avgjort.

Eit halvt Aar etter hadde dei Barnedaap.
Det var væl snart; men slikt hender, og Anne
Malene brydde seg ikkje um det. Bygdesnakk
beit ikkje paa henne. Ho tok det for lett.

Det vart avgjort, at Veslegut skulde heita
Tønnes. Tjerand var so stygt, totte Anne
Malene. Ho var glad i Ungen, so der ikkje
var Meining i det; men Per slog paa, at »han
liknar Mor st meir enn Far sin.« »Det gjer
dei fyrste. ofta« lagde Mor Astrid inn. Daa
dei hadde Barnet til Kyrkja, fylgde Anne Ma-
lene sjølv med. Ho vilde sjaa etter, at alt gjekk
godt. Mangt kunde henda slik ein liten Tull,
naar ikkje Mor sjølv var tilsvars; slik ein dak-
kas liten Tulling. —

Fem Barn var til Daapen den Dagen, og av
dei eit, som officielt var uægte. Fram stod Presten
og forklarad, at desse fem, liksom alle andre,
var fengne i Synd og fødde i Misgjerning og
var av Naturen Vredens Børn. Men gjenom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free