- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
2

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

israelitiske Læra ura det komande Gudsrike.
Men „det største Orde som enno i denne
Verdi hev vori sagt: at Gud er Faderen", det
er so fagert og lovar so rikt, at um Verdi ser
aldri so meiningslaus, fæl, djevelsk ut, so
tøygjer jamvel den argaste „Fritenkjaren" Vonine
sine i det alra lengste: um det endaa sistpaa
skulde kunna vise seg, at det berre er vaart
eige Stuttsyn som gjer Faderen „burtkomin"
for oss. Men her lyt me „verdslegvise" halde
vaar Munn; berre Teologane trur i denne Sak
aa vita noko.

Nemne bør eg og, at Hognestad ikkje gjer
nokon Freistnad paa aa lata Jesus sjølv vitne
um si Guddomshøgd, — med alt det at han
vil lata Johannesboki gjelde for heilt ut ægte.
Noko mindre vel slepp han fraa Paulus, som
han vil skal ha kalla Jesus Gud. Eg undrast
ikkje lite daa eg saag dette. Paulus var
Israelit; han var jamvel Farisæar (Apg. 23: 6);
det var daa sjølvsagt den israelitiske
Messias-læra han heldt seg til, soleis som den i hans
Tid vart forkynt i Rabbinarskulane. Han skil
daa og i alle sine Brev gløgt og plent millom
„Gud, Faderen", og Jesus som han alltid
kallar “Herre" (smf. Boki mi S. 22, Merknad
2); han kallar og sume Stadir (som Rom. 5:
15) Jesus beint ut „Menneskje", endaa dette i
hans Tid var so sjølvsagt at der ingin Grunn var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free