- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
3

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til aa halde det serskilt fram (smf. „Jesus
Messias" S. 23); og um dei 6—8 Stadine der Jesus
ved falske Skrivemaatar synest vera kalla Gud,
tvert imot all jødisk og nytestamentleg
Tenkje-maate, er der Upplysning aa faa hjaa Mennar som
er meir lærde i desse Ting enn baade Hognestad
og eg (sjaa „Jesus Messias" S. 23, Merknaden).
Skulde Hognestad kjenne Paulus-Ord, som
gjorde alt dette til inkjes? — Men det var
berre med det same at eg spurde so.
Hognestad nemner inkje noko serskilt Paulusord;
det han maa haide seg til er daa dei vanlege
rangskrivne Stadine. Eg hadde mest ikkje
tenkt at den ærlege Bondesonen fraa
Hognestad i Thime-Sokno skulde ha vorti Teolog so
heilt ut. Men med dei rette Faglærde er det
paa Lag som med Trolli i Valdris-Segnine:
dei er baade snilde og vituge; men i eit og
anna serskilt Tilfelle viser det seg, at med all
god Vilje „kann dei ikkje brjote Årti". Me
som ikkje er Teologar, me veit Aarstale daa
Jesus vart Gud; og dette Aarstale kann me
ikkje vride oss ifraa, um me aldri so gjerne
„vilde".

Men Soningslæra vil Hognestad hava Jesus
med paa. Han hev ikkje anna aa halde seg
til enn det Orde fraa 1 Tim. 2: 6 som er
innsett i Mt. 20: 28 og Mk. 10: 45 (noko so nær
ordrett) av ærlegt truande Pauluskristne som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free