- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
44

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stad; og mot denne Develsdomen var det at
Baali vart kveikte.

Men nok fekk dei aa gjera no som fyrr;
Baal löga upp yvi heile det protestantiske
Nord-Europa. Jamvel det fredelege Norig kom her
med. Trollmennar og Trollkjeringar i Mengd
vart sende Eldvegen til sin Herre Fanden.1

Men dei slokna, desse Baali med. Millom
Grunnane til dette skal eg her nemne den,
at Kyrkja no hadde fengi eit fullgodt Baal i
hin Heimen.

Rom-Kyrkja hadde ikkje havt stort anna aa
fara med enn Skirsle-Elden. Det var lite tess
med det katolske Helvite; Folk kunde umvende
seg i Skirsle-elden, eller verte kaupte ut av
den; ein var daa aldri trygg paa at ein kunde
faa dei vonde ned i den ævelege Elden.

No hadde Luther stroki Skirsleelden.
Helvite var sett inn i Bibelen all Stad; og Folk
skulde til Helvite no med same dei døydde,
naar dei daa ikkje hadde den rette Trui.
Dermed var alle ugudelege visse paa Helvite,
Troll-domsyrkjarar fysst og fremst.

Dette hev gjort Kyrkja tryggare. Ære vere
Gud. Me hadde Helvite, som baade brann
æveleg og dertil var tusund Gongir heitare enn
den heitaste Eld; no var det berre aa preike

1 Troels Lund: „Dagligt Liv i Norden i det 16de
Aarh.“ XIII, S. 139.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free