- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
45

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Helvite med Fynd, so vart sjølve Tollkjeringane
rædde.

Soleis hev Helvite ikkje gjort berre vondt.
Med sitt drøymde Eldhav sløkte det dei
jordiske Baali.

Alle magistri, doctores, professores sette
seg til med sine lutherske Biblar og skreiv
hjärtevärme Bøkar um, kor endelaust naadig
og faderleg Gud var, som sat sæl i sin
Himil og saag Stormengdi av sine kjære Born
brenne æveleg i det uendeleg heite Helvite.
Og Evangelie um Helvite vart forkynt med
Kraft i alle Kyrkjur og i alle Skular.

Enno er Helvite Grunnen under
Protestant-Kyrkja. Og som Messias i Rom kom burt
attum Pavestolen, soleis kom han i Nordlandi
burt attum Prestekjolar og Bokskaap.

Men som den romværske Antikrist hev
bleikna paa sin Stol, so tek og den
protestantiske Djevelen til aa folne. Me hev Prestar
som vaagar aa tegja med Djevelen naar dei
skriv paa Prent; ja det hender, at dei, naar
dei skriv, i Staden for den ævelege Elden set
inn „det rystende Mysterium i Begrebet
Gjen-gjældelse".

Med Folke er det verre. I Staden for den
gamle truskyldige katolske Fanden hev det
endeleg fengi den vonde og veldige
protestantiske Djevelen inn i Tankeheimen sin; og det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free