- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
18

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18-

BONDESTUDENTAR

Etterkvart fekk Daniel inn heile den draumrike
Visdom som Læraren hans livde paa.

Det stod ikkje godt til i Lande i desse Tidir. Folke
sov; Folke laag i Dvale; Trollham var kasta paa det;
det var komi ned i noko vondt og fælt som
Kapellanen kalla Materialisme; visste ikkje lenger um Aand.
Og so lengi so var, kunde ingin „Pintse-Vind" blaase
Liv i dei daude Bein ut-yvi Lande.

Synkvervt og ørt gjekk Folke og grov i Moldi og
tenkte paa den stakkars Maten. Ikkje ein Draum
hadde det um kva sant Menneskjeliv var. Inkje høgare
Hugmaal; inkje Sans eller Syn for det som var stort
og høgt og ædelt paa Jordi; berre denne Trælesut for
det som gav i Gryta og fyllte Pungen, denne trongsynte
Tanken paa det „nyttige"; Kapellanen frynte helst, naar
han nemde det Orde. Aandlaust Matstræv laag som
ei Vaabøn yvi Lande; det gjorde Folk til Trælar, til
Dyr; Folke laag som trollbundi, som trollsmurt under
denne Loke-Magt. Det galdt aa ringje Folke ut or Berge;
Nordmanna-Anden fraa Fedra-Tidi maatte upp;
Stor-daad, Sogu, Song maatte vakne til nytt Liv. Og gjenom
alt maatte den sterke apostoliske Kristentru gløde som
den avlande Livskraft, so at Salmen og Folkevisa, Sogo
og Trui, det gudelege og det folkelege, kunde klinge
saman heilt og fullt; daa vilde Aandi paa nytt slaa ut
sine Vengir; daa vilde Norig vera atterfødt.

Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje det
same som han sjølv hadde tenkt, um han ikkje hadde
sét det so klaart eller funni slike Ord for det? Han
kjende seg reint glad. Aldri hadde han sét paa Læraren
sin med blidare Augo; og aldri hadde Læraren vori
vissare paa, at det i Læreguten hans glødde ein heilag
Eld, som ein Gong vilde slaa ut i Song eller Daad til
Glede for Lande.

— Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje
Kapellanen drygje lenger med det tyske. Men det
vilde han ikkje heller taka paa den aandlause Latin-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free