- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
35

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35- BONDESTUDENTAR



Narr av „Bondetampen", som „tala Landsmaal". Og
tilslutt gav dei seg til aa gjera Narr av Namne hans.

Han var innskrivin i Bøkane for „Daniel Olsen
Sør-brød". Det sagde seg daa sjølv at han vart heitande
„Surbrød". Og denne Skjemten totte dei Labanane
var so framifraa, at dei i alle Fristundir flokka seg um
han og ropa paa „Surbrød". Kor mykje kosta
Surbrøde i Dag?

Daniel var vaksin Kar, og snild og tolmodig. Men
dette gjekk so innpaa han, at han sistpaa mest grét.
Hadde han gjort deim noko vondt? Kunde han ikkje
faa vera i Fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel
hadde tenkt det skulde vera gildt aa bli kjend med
Bygutar; men han hadde aldri havt det so vondt. Det
var som han stakk seg paa Naalir og Netlur kvar han
snudde seg.

Det var endeleg ein Gut som hadde vondt av han
og raadde han til aa gaa inn til Rektor og faa brigt
um Namne sitt. Naar han heitte Daniel Olsen, so
kunde han kalle seg „Olsen"; so vart det slutt med
„Surbrød"-skraale. Daniel svara, at lét det seg gjera,
so vilde nok han; men det var so leidt aa gaa inn til
Rektor aaleine. „Ja, synest du det, so skal eg vera
med deg," sagde den andre. Dei gjekk; og Daniel
fekk det som han vilde; heretter skulde han med Gud
og Retten heite Daniel Olsen. Men fraa den Dagen
var Daniel og Kristian Bliland Vénir. Og Venskapen
vart so mykje sterkare, av di dei paa ein Maate var
Bondegutar baae tvo; for Kristian var Son av ein
Klokkar inn i Fjellbygdom.

Det hjelpte svært aa faa ein Kjenning. Og daa dei
andre saag at Daniel ikkje var aaleine lenger, men
stod under Varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var
nokon Kastekjepp, so lét dei han meir og meir vera
for det han var.

Men Daniel kunde aldri like seg rett i denne Skulen.
Og Leksur og Lesing var det jamt. I Staden for aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free