- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
37

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37- BONDESTUDENTAR



Men Bonde var han enno i Grunnen, og Kona hans
med; Daniel skjemdest daa for aa knote for mykje, so
dei høyrde det. —

— Med aa vinne seg etter der han stod til atters
gjekk det smaatt; han kunde ikkje rett lære det som
han ikkje hadde til Lekse. So tok han seg fri fraa
Etter-Lesingi meir og meir; fekk taka det att naar han
kom til „Repetitionen". Dette greidde seg paa ei Vis.
Men harf vart gangande med uheilt Samvit og høyrde
liksom ikkje heilt med, totte han.

Den han hadde aa halde seg til, og jamt søkte i
sine Fristundir, var Kristian Bliland. Denne rødde
ikkje stort; men han hadde Bøkar som han las upp av,
mest „Folkevennen" ved Ole Vig og anna sovori. Her
fann Daniel att mykje av dei Tankane han hadde lært
hjaa Kapellanen. Og det var som han trudde endaa
meir paa desse Tankane no, daa han saag at det var
fleire um deim, og at dei var aa lesa paa Prent.

Sidan kom han ofte fram med Ting som Kapellanen
hadde sagt, og som han skyna Kristian vilde like. Det
var ikkje alltid han sagde kvar han hadde slikt ifraa;
stundom visste han det vel ikkje klaart sjølv.

Det som Daniel av eigi Hovud kunde finne ut vaaga
han seg sjeldan fram med; naar han skulde segja det
til Kristian, totte han for det meste det vart faavist.
Men stundom sette han det fram liksom paa Skjemt,
so han kunde læ det burt, um det ikkje vart godkjendt;
hende det daa at det greidde seg, vart Daniel kry og
totte sidan sjølv, at det var godt sagt.

Hadde han ikkje havt Kristian i denne Tid, so hadde
han visst gløymt alle sine gamle Draumar; Skulelufti
var ikkje helsesam for deim. Det var eit underlegt
Hol, denne Latinskulen. Alle Gutane var so vituge og
so vaksne; dei kunde flire og læ aat all Ting. Men
dei hadde visst aldri drøymt um anna enn Karakterar.
Dei visste at i denne Verdi galdt det aa klara seg;
og etter den Visdomen livde dei; Kunskapen i seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free