- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58-

BONDESTUDENTAR

og hosta som han skulde kovne — „ikkje kunde skilja
millom — oh! ho! oh!" — Hosten tok Magti.

Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men daa
dei kom noko lenger ned — der stod: nisi, quanta vi
civitates libertatem expetunt, tanta regna reges defendant —,
daa stod han fast; han tok tanta til regna. Daa bar
det uppatt med Gamlen. „Høyr, min snilde Halvor
Mosebø! Dersom du gjekk paa ein Veg, og raaka
fyrst ei fin Dame, og so ein Student, og so ein Gris,
og du strakst etter fann ein fin Silkeparasol liggjande i
Vegen, vilde du daa gaa med Parasollen til Grisen og
segja: undskyld, høistærede, Di har visst tapt Deres
Parasol? — Nei, Halvor, so taapin var du ikkje. Du
flaug i Veg til du raaka den unge Dame, og so bukka
du og gjorde deg blid: om Forladelse, min Frøken,
men De her vist tapt Deres Paraply! Ja visst gjorde
du det, Halvor. Men her gjeng du til Grisen med
Parasollen, tek tanta til regna av di regna stend nærast.
Men tanta høyrer til vi; quanta vi, tanta vi, Halvor
Mosebø!" — Gutane lo, men dei fylgde med. Og dei
gløymde ikkje lett slike „Timar".

Sistpaa kom Gammeln innpaa, Innhalde av det som
„Tarkvinius Superbus eller Tarkvinius Storsnut" hadde
sagt, og heldt eit Foredrag um Rom og romersk
Politik, som var det mest aandfulle Daniel hadde høyrt i
si Tid. Endeleg reis han upp og slo ut med Handi.
„Nu er vi færdige," sa han høgtidsamt. „Nu er vi —
ved Gud! — aldeles færdige; nu kan vi gaa videre." Og
han sette seg og gjekk igjenom Leksa til næste Dagen. —

— Daniel budde paa eit Loft i Akersgata. Rome
var ikkje lite; men det var laagt og hadde Skaatak;
dei smaae Vindaugo braut seg ut gjenom Take.
Kantar og Kræar var her nok av; Utsyn hadde Daniel
til eit Par Hus-Tak og nokre Skorsteinar. Men han
lika seg her. Rome var lognt og koselegt; og den

nisi—defendant: um ikkje Kongane vil verja sine Rike likso
kraftigt som Borgarsamfunde søkjer Fridomen . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free