Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
80-
BONDESTUDENTAR
bleiv der. Ja sjølve Vitskapen var aat aa blive i denne
Djupni. Det var nettupp ei Tid no, daa alt Slag
Ser-vitskap gjorde seg breid og vilde gløyme sin
Samanheng med det aalmenne; Professoren bad sine unge
Venir agte seg vel for aa koma uti dette. All
Ser-kunskap var i seg sjølv daud og aandlaus. Det var
ikkje Kunskapar um ditt og um datt som gjorde ein
Mann til Vitskapsmann; det som det galdt um var Syne
paa det heile, Uppfatingi av dei store, aalmenne
Grunnar, av den store, aalmenne Samanheng (Bravo!).
Men no trudde Professoren, at ein av Grunnane til at
dei studerande so lett vilde gløyme seg burt i den
aandlause Servitskap var, at Studentane ikkje i dei fyrste
Aari visste aa brüka Tidi si rett, men kasta seg yvi
Serstræve strakst, og trudde det galdt aa stuve i seg
so mykje Kunskap som mogeleg. Men det skulde dei
nettupp ikkje gjera. I dei fyrste Aari skulde dei taka
det i Mak (Bravo! Bravo!) og leggje meir Lag paa aa
liva eit friskt og idealt Studenterliv — eit Ungdomsliv
i Ljose fraa dei ævuge Ideal — enn paa aa lesa lærde
Bøkar. Dei skulde brüka Tidi til aa umraa seg, sjaa
seg um, finne seg tilrettes i den nye Heimen, vinne
Yvisyn og Utsyn yvi dei Viddir der dei sidan skulde
vandre; njote sin Ungdom skulde dei, men njote som
Studentar, som aandsvigde Sveinar i Ideens Presteskap
som cives academici. Og det var det herlige ved aa
vera ung Student; det var det sanne Innhald av
Russe-Gleda, av Fagnaden og Festen her i Kveld (stort
Samtykke). Og so vilde daa endeleg Professoren slutte
med eit Leve! for den studerande Ungdom. „Hurra!"
„Hurra!" ropa dei Salen rundt; sistpaa døydde Ropingi
burt i ei lang, brakande Klapping.
Etterpaa vart Professoren borin paa Gullstol; Daniel
hadde aldri set slikt fyrr og totte det saag taapi ut.
Men klappa gjorde han som dei andre; for det siste
Stykke av Tala hadde han lika framifraa.
cives academici: akademiske Borgarar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>