Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
86-
BONDESTUDENTAR
ho ikkje til anna heller, og lite til det med. Mannfolki
elska nok, dei og; det fekk me Sveinkallar kjenne,
som altid elska og ikkje fekk; men det var paa ein
annan Maate, det; det var som Rovfuglen med Skinn
og Bein og Sinar og Segar og krokutte Nebb og Klo.
Men Kvinna elska som ho var skapt til: lik Bylgja
som trillar paa det kolblaae Hav i sitt avrunne og
uendelege Mynster for all Venleik.
— „Ja, gift dykk, Gutar! men gift dykk med Vit,
og fljug ikkje stad og tak dykk ei Kone fyrr de kann
føde henne; for daa gjeng det gali, som me jamt ser.
For Kvinna vil med all sin Elskhug hava Mat, og det
hev ho Rett i."
Han sagde mangt um Elskhug og Mat, som Daniel
fann lite poetiskt. Men kvar Gong han skulde til aa
forarge seg yvi dette, kom det ein Sleng i Tala som
gjorde at han maatte læ. Og han lo og klappa som
alle dei andre.
Tala slutta med eit Par Vers um, at Kvinna med
alt anna godt attaat var fager, og at det var det beste
ved henne. Og med ein Gong gløymde Dølen sin
Visdom um Aandsmennar som skulde vera Sveinkallar;
Enden vart, at Tankens Mann nettupp burde hava den
fagraste Gjenta. Og so vilde han drikke ei Skaal for
Kvinna; og den Skaali vilde han serleg drikke med
alle deim her i Lage, som hadde ein Kjærast, so sant
som daa Kjærasten og Kjærleiken var noko tess. Russen
jubla til dette og drakk; Dølen dukka ned av
Talarstolen og skeivla burtetter til det Borde der han sat
med Kammeratane sine.
Dit burtetter søkte Daniel au. Han vilde høyre
meir av denne folkelege Vismannen og Skalden.
Og Dølen var i Drøselag. Uppglødd og glad etter
Tala og Samtykke tok han seg en Slurk Puns og gav
seg til aa preike paa nytt Lag, for Felagane sine og
kven som vilde høyre.
Ja, den Kvinna og den Maten, tok han i. Men det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>