- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
85

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

85

sterkare enn nokon visste, det Trolle; og mang ein
sterk Mann hadde ho bøygt og broti med sin vesle
Fingr, liksom Huldri i Folkesegni braut Hesteskoen i
tvo Bitar med sine nakne mjuke Hendar som ingin
Ting.

Heile Salen fylgde hans Ord med Samtykke og
Laatt og lystige Tilrop. For alt han sagde, kom so
morosamt. Daniel fann ei Moro berre i det at denne
gamle Styggingen, halvt Bonde og halvt Satyr, skulde
tala for Kvinna.

Og han lagde i Veg, paa sin sereigne Maate, halvt
skalkut, men aalvorsamt likevel. Han meinte visst so
nokonlunde det han sagde, kor rart det kunde høyrast
ut; men daa han vel ikkje alltid var stød paa um han
meinte det plent so som det var sagt, so kom han
gjerne med ein Sleng paa det tilslutt, som minte Folk
um Dølens „Tvisyn". Men stundom kom han med
Tankar, som var so forunderleg mjuke og fagre, at ein
reint gløymde Dølen og berre saag Diktaren.

Kvinna var Fred, sagde han, — endaa dei gifte
Mennane tidt sagde noko anna. Ho var Fred, av di
ho var Gagne; ho saag paa det nyttige, paa Maten
til seg og Borni, og var difor paa sitt arme Liv for
at Mannen skulde koma ut i Ufred eller Uferd paa nokon
Kant og dermed gjera seg ufør. Difor maatte alle
Aandsmennar, alle som vilde stride og ofre seg for ein
Tanke eller ei Sak, — dei maatte vera Sveinkallar
liksom han, so at ingin brydde seg um anten dei flaut
eller sokk; for daa var det ikkje vandare i deim.

Men sjølvsagt vilde han ikkje ynskje noko so stygt
som at alle desse fagre unge Gutane her skulde bli
Sveinkallar; det vilde vera Synd baade for deim og
for den arme Kvinna, som nok altfor gjerne vilde gifte
seg, stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde seg
streng-bodi og slog paa Nakken, so lengi ho ikkje var yvi 30
Aar. For Kvinna var Kjærleik; ho var skapt til aa
gifte seg; og slik som ho no vart upplærd, so dugde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free