- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
96

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96-

BONDESTUDENTAR

kom stormande ind i dei heilage Hallir som Tjuvar og
Røvarar gjenom ein galin Port; slike Karar maatte ein
sjaa paa Tennane. Kamelar var det, som skulde gjenom,
Naaleauga; og mange „strauk", vann seg ikkje igjenom,
anten dei no var Kamelar, eller um Naaleauga
stundom vart altfor trongt. Meir enn ein Gong hende det,
at det etter Eksamen kom Bod til „Gamlen" fraa
Uni-versitete, at han hadde tapt sin „Demissjonsrett";
altfor mange av Gutane fraa Skulen hans var „strokne".
Men daa kunde det og hende at Gamlen paa ein svært
tydeleg Maate viste Bodberaren, at sin „Demissjonsrett"
hadde han ikkje tapt, kor det no kunde vera med
Dimissjonsretten.

Fabrik-Russen, og Daniel med dei andre, vart
bleikare um Nebben for kvar Dag som gjekk. Og den
eine etter den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein
i den Bakken og ein i hin, liksom trotne Soldatar paa
ein Feltmars. Men Fabrik-Gutane hadde ikkje Lov
til aa vera sjuke heller; det var ingin som trudde paa
Sjukdomane deira. Professorane drog paa Aksiom; Russen
lo; „han er sjuk i Matematik", sagde dei; „han hev
vondt i Græsken". Og i „Den gode Borger" stod der
meinsløge Stykke um kor rart det var, at det nettupp
skulde vera Fabrik-Russen som var so sjukleg i
Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett
godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke.
Daniel tenkte sterkt paa aa melde seg sjuk, han med.
Men so raaka han Sven Dufva ein Dag. Han var
svært bleik, Svein, og dei store rædde Gaselle-Augo
stod i Hausen hans kvite og stive som Klinkenaglar.
„Men Herre Gud, De er ikkje frisk?" sagde Daniel
forstøkt. Sven Dufva riste paa Hovude. „De maa til
Doktoren og faa Attest!" heldt Daniel fram. Daa stirde
Sven Dufva paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg

demissio: Nedsending (her Ned-eller Utkasting), dimissio:
Burtsending, Frigjering (i Skulemaale: Slutt-Prøve).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free